Framside

Velkommen til INC Eikefjord Løpskarusell 2019

Då ønsker vi velkommen til INC Eikefjord Løpskarusell 2019. I år blir det arrangert fire karuselløp: Tre landevegsløp på Storebru, pluss motbakkeløpet Hovlandstølen Opp som går føre seg i Eikefjord. Deltaking i minst tre av karusellens fire løp gir ein karusellpremie for 2019. Denne premien blir delt ut etter årets siste løp (19. oktober).

Som i tidlegare år, så tilbyr vi både ei konkurranseklasse (med tidtaking), ei mosjonsklasse (utan tidtaking) og eit barneløp (med tidtaking) på kvart av karuselløpa våre. Så her kan alle delta.

Her er løpa våre i år:

  1. Laurdag 4. mai: Eikefjord Halvmaraton
    – Distanser: Halvmaraton, 10 km, 5 km, 3 km og 2 km barneløp.
  2. Laurdag 1. juni: Hovlandstølen opp
    – Tradisjonsrikt motbakkeløp.
  3. Laurdag 7. sept.: Eikefjord Maraton
    – Distanser: Maraton, halvmaraton, 10 km, 5 km, 3 km og 2 km barneløp.
  4. Laurdag 19. oktober: Haustløpet
    – Distanser: 10 km, 5 km, 3 km og 2 km barneløp.

Håper å sjå deg som deltakar i INC Eikefjord Løpskarusell 2019. Velkommen skal du vere…! 🙂

Vennleg helsing,
Eikefjord IL, Friidrett